22 Du sette Israel, folket ditt, til å vera ditt folk til evig tid; og du, Herre, vart deira Gud.
23 Så lat det no, Herre, stå ved lag for alltid, det ordet du har tala om tenaren din og ætta hans, og gjer som du har sagt!
24 Ja, lat det stå ved lag! Då skal namnet ditt vera stort til evig tid, så folk kjem til å seia: Herren, Allhærs Gud, Israels Gud, han er Gud for Israel! Og ætta åt David, tenaren din, skal stå urikka for ditt åsyn.
25 For du, min Gud, har vitra tenaren din om at du vil byggja han eit hus. Difor har eg våga meg til å bera denne bøna fram for deg.
26 Ja, Herre, du er Gud, og du har gjeve tenaren din denne store lovnaden.
27 Så gjer då vel og velsigna ætta åt tenaren din, så ho alltid må stå urikka for ditt åsyn. For det som du velsignar, Herre, det er velsigna til evig tid.