8 Eg var med deg kvar du gjekk, og rudde ut alle fiendane dine for deg. Og eg vil la deg vinna eit namn så stort som berre dei største på jorda har det.
9 Eg vil stella til ein bustad åt Israel, folket mitt, og planta dei der. Dei skal få bu i landet sitt og aldri verta uroa meir, og valdsmenn skal ikkje herja dei som i gamle dagar.
10 Såleis har det vore frå den tid eg sette domarar over Israel, folket mitt. Men eg tvinga alle fiendane dine under deg. Og no forkynner eg deg at Herren vil byggja eit hus åt deg.
11 Når tida di er ute, og du fer til fedrane dine, då vil eg etter deg reisa opp ein som er av di eiga ætt, ein av sønene dine, og eg vil grunnfesta kongedømet hans.
12 Han skal byggja eit hus åt meg, og eg vil tryggja kongsstolen hans til evig tid.
13 Eg vil vera far for han, og han skal vera son min. Mi miskunn skal eg ikkje ta frå han, så som eg gjorde med han som var før deg.
14 Eg vil for alltid setja han over mitt hus og mitt rike, og kongsstolen hans skal stå støtt til evig tid.»