11 Dei òg vigsla kong David til Herren saman med det sølvet og gullet han hadde teke frå alle dei andre folka, frå edomittane, moabittane, ammonittane, filistarane og amalekittane.
12 Det var Absjai, son til Seruja, som slo edomittane i Saltdalen, atten tusen mann.
13 Så la David vaktmannskap i Edom, og alle edomittane gav seg under han. Såleis hjelpte Herren David kvar helst han fór fram.
14 Så rådde no David over heile Israel. Og han gjorde rett og rettferd mot heile folket sitt.
15 Joab, son til Seruja, var hærførar, og Josjafat, son til Akilud, var kanslar.
16 Sadok, son til Akitub, og Akimelek, son til Abjatar, var prestar og Sjavsja riksskrivar.
17 Benaja, son til Jojada, var hovding over livvakta, og sønene til David var dei fremste hjå kongen.