14 Så rådde no David over heile Israel. Og han gjorde rett og rettferd mot heile folket sitt.
15 Joab, son til Seruja, var hærførar, og Josjafat, son til Akilud, var kanslar.
16 Sadok, son til Akitub, og Akimelek, son til Abjatar, var prestar og Sjavsja riksskrivar.
17 Benaja, son til Jojada, var hovding over livvakta, og sønene til David var dei fremste hjå kongen.