2 Moabittane vann han òg over. Dei laut gje seg under han og svara skatt.
3 Like eins vann David over Hadadeser, kongen i Soba, ved Hamat, då han drog ut og ville vinna herredøme ved Eufrat.
4 David tok frå han tusen vogner, sju tusen hestfolk og tjue tusen fotfolk. Han skar av hasane på alle vognhestane og sparte ikkje meir enn hundre av dei.
5 Aramearane i Damaskus kom og ville hjelpa Hadadeser, kongen i Soba. Men David felte tjueto tusen av dei.
6 David la vaktmannskap i Damaskus-riket. Aramearane laut gje seg under han og svara skatt. Såleis hjelpte Herren David kvar helst han fór fram.
7 David tok dei gullskjolda som mennene til Hadadeser hadde bore, og førte dei til Jerusalem.
8 Og frå Tibhat og Kun, to byar som høyrde Hadadeser til, tok han ei stor mengd med bronse. Av den laga Salomo bronsehavet, søylene og bronsekara.