6 David la vaktmannskap i Damaskus-riket. Aramearane laut gje seg under han og svara skatt. Såleis hjelpte Herren David kvar helst han fór fram.
7 David tok dei gullskjolda som mennene til Hadadeser hadde bore, og førte dei til Jerusalem.
8 Og frå Tibhat og Kun, to byar som høyrde Hadadeser til, tok han ei stor mengd med bronse. Av den laga Salomo bronsehavet, søylene og bronsekara.
9 Då To’u, kongen i Hamat, fekk høyra at David hadde vunne over heile hæren til Hadadeser, kongen i Soba,
10 sende han Hadoram, son sin, til kong David. Han skulle helsa på han og ynskja han til lukke fordi han hadde vunne i striden mot Hadadeser. For Hadadeser hadde støtt lege i ufred med To’u. Hadoram hadde med seg gåver av gull, sølv og bronse.
11 Dei òg vigsla kong David til Herren saman med det sølvet og gullet han hadde teke frå alle dei andre folka, frå edomittane, moabittane, ammonittane, filistarane og amalekittane.
12 Det var Absjai, son til Seruja, som slo edomittane i Saltdalen, atten tusen mann.