1 Ei tid etter bar det så til at Nakasj, kongen i Ammon, døydde, og Hanun, son hans, vart konge etter han.
2 Då tenkte David: «Eg vil gjera vel mot Hanun, son til Nakasj, liksom far hans gjorde vel mot meg.» Så sende David nokre menn som skulle trøysta han i sorga over faren. Men då mennene åt David kom til ammonittlandet og skulle trøysta Hanun,
3 sa ammonitthovdingane til han: «Trur du det er fordi han vil æra far din, at David sender folk som skal trøysta deg? Er det ikkje heller fordi dei vil ransaka landet, speida det ut og så øydeleggja det, at mennene hans er komne hit til deg?»
4 Då greip Hanun mennene til David. Han raka dei, skar av dei halve klednaden heilt opp til baken og sende dei så frå seg.
5 Då David fekk vita kor stygt mennene hans hadde vorte vanæra, sende han folk som skulle møta dei og seia frå kongen: «Hald dykk i Jeriko til skjegget dykkar har vakse ut att. Så kan de koma heim.»