11 Resten av hæren lét han Absjai, bror sin, få hand over, og dei fylka seg mot ammonittane.
12 Så sa han: «Vinn aramearane over meg, må du koma meg til hjelp; og vinn ammonittane over deg, skal eg hjelpa deg.
13 Ver djerv! Og lat oss vera uredde i striden for folket vårt og for byane åt vår Gud; så får Herren gjera som han tykkjer best.»
14 Så gjekk Joab og mennene hans til strid mot aramearane, og dei rømde for han.
15 Då ammonittane såg at aramearane tok på flòg, rømde dei òg for Absjai, bror til Joab, og drog seg inn i byen. Då fór Joab heim att til Jerusalem.
16 Då aramearane såg at dei hadde tapt for israelittane, sende dei bod og baud ut dei aramearane som budde på hi sida av Eufrat. Dei kom, og over seg hadde dei Sjofak, hærføraren til Hadadeser.
17 Då David fekk melding om det, samla han heile Israel og sette over Jordan. Då han kom fram til aramearane, fylka han hæren sin mot dei, og dei gav seg i strid med han.