2 Då tenkte David: «Eg vil gjera vel mot Hanun, son til Nakasj, liksom far hans gjorde vel mot meg.» Så sende David nokre menn som skulle trøysta han i sorga over faren. Men då mennene åt David kom til ammonittlandet og skulle trøysta Hanun,
3 sa ammonitthovdingane til han: «Trur du det er fordi han vil æra far din, at David sender folk som skal trøysta deg? Er det ikkje heller fordi dei vil ransaka landet, speida det ut og så øydeleggja det, at mennene hans er komne hit til deg?»
4 Då greip Hanun mennene til David. Han raka dei, skar av dei halve klednaden heilt opp til baken og sende dei så frå seg.
5 Då David fekk vita kor stygt mennene hans hadde vorte vanæra, sende han folk som skulle møta dei og seia frå kongen: «Hald dykk i Jeriko til skjegget dykkar har vakse ut att. Så kan de koma heim.»
6 Då ammonittane skjøna at dei hadde gjort David hatig på seg, sende Hanun og mennene hans tusen talentar sølv til å leiga vogner og hestfolk for frå Mesopotamia, frå aramearriket Ma’aka og frå Soba.
7 Dei leigde trettito tusen vogner og fekk med seg kongen i Ma’aka og hæren hans. Alle desse kom og slo leir utanfor Medeba. Ammonittane samla seg òg frå byane sine og drog i hærferd.
8 Då David høyrde det, sende han Joab av stad med alle dei krigsvane mennene i hæren.