8 Då David høyrde det, sende han Joab av stad med alle dei krigsvane mennene i hæren.
9 Så drog ammonittane ut og fylka seg framfor byporten. Men kongane som var komne dit, stod for seg sjølve bortpå marka.
10 Då Joab såg at fienden truga både framanfrå og bakanfrå, valde han ut ein flokk av dei beste stridsmennene i Israel og stelte dei opp mot aramearane.
11 Resten av hæren lét han Absjai, bror sin, få hand over, og dei fylka seg mot ammonittane.
12 Så sa han: «Vinn aramearane over meg, må du koma meg til hjelp; og vinn ammonittane over deg, skal eg hjelpa deg.
13 Ver djerv! Og lat oss vera uredde i striden for folket vårt og for byane åt vår Gud; så får Herren gjera som han tykkjer best.»
14 Så gjekk Joab og mennene hans til strid mot aramearane, og dei rømde for han.