1 Dette er sønene til Israel: Ruben, Simeon, Levi, Juda, Jissakar, Sebulon,
2 Dan, Josef, Benjamin, Naftali, Gad og Asjer.
3 Sønene til Juda var Er, Onan og Sjela. Desse tre fekk han med Batsjua, ei kanaaneisk kvinne. Men Herren mislika Er, eldste son til Juda, og han laga det så at han døydde.
4 Med Tamar, sonekona si, fekk Juda sønene Peres og Serah; i alt hadde han då fem søner.