10 Ram fekk sonen Amminadab, og Amminadab fekk sonen Naksjon, som var hovding for Juda-sønene.
11 Naksjon fekk sonen Salma, og Salma vart far til Boas.
12 Boas fekk sonen Obed, og Obed vart far til Isai.
13 Isai fekk sju søner. Den fyrste var Eliab, den andre Abinadab, den tredje Sjima,
14 den fjerde Netanel, den femte Raddai,
15 den sjette Osem og den sjuande David.
16 Systrene deira var Seruja og Abigajil. Seruja hadde tre søner, Absjai, Joab og Asael.