19 Då Asuba døydde, tok Kaleb Efrat til kone; med henne fekk han sonen Hur.
20 Hur fekk sonen Uri, og Uri vart far til Besalel.
21 Sidan levde Hesron saman med ei dotter til Makir, far til Gilead. Han var seksti år gamal då han tok henne til kone; med henne fekk han sonen Segub.
22 Segub fekk sonen Ja’ir, som hadde tjuetre byar i Gilead.
23 Men Gesjur og Aram tok frå dei teltbyane deira og Kenat med småbyane ikring, i alt seksti byar. Alle desse hadde sønene til Makir, far til Gilead, ått.
24 Etter at Hesron var død, levde Kaleb saman med Efrat, som hadde vore gift med far hans, og med henne fekk han sonen Asjkur, far til Tekoa.
25 Jerakme’el, eldste son til Hesron, hadde sønene Ram, som han fekk fyrst, og Buna, Oren, Osem og Akia.