25 Jerakme’el, eldste son til Hesron, hadde sønene Ram, som han fekk fyrst, og Buna, Oren, Osem og Akia.
26 Men Jerakme’el hadde ei anna kone òg, som heitte Atara. Ho vart mor til Onam.
27 Ram, eldste son til Jerakme’el, hadde sønene Ma’as, Jamin og Eker.
28 Sønene til Onam var Sjammai og Jada, og sønene til Sjammai var Nadab og Abisjur.
29 Kona til Abisjur heitte Abihajil; med henne fekk han sønene Akban og Molid.
30 Sønene til Nadab var Seled og Appajim. Seled døydde barnlaus.
31 Appajim fekk sonen Jisji, Jisji fekk sonen Sjesjan, og Sjesjan fekk sonen Aklai.