31 Appajim fekk sonen Jisji, Jisji fekk sonen Sjesjan, og Sjesjan fekk sonen Aklai.
32 Sønene til Jada, bror hans Sjammai, var Jeter og Jonatan. Jeter døydde barnlaus.
33 Men Jonatan fekk sønene Pelet og Sasa. Dette var etterkomarane etter Jerakme’el.
34 Sjesjan hadde ingen søner, berre døtrer. Men han hadde ein egyptisk træl som heitte Jarka.
35 Denne trælen gav Sjesjan dotter si til kone, og med henne fekk han sonen Attai.
36 Attai fekk sonen Natan, og Natan fekk Sabad.
37 Sabad fekk sonen Eflal, og Eflal fekk Obed.