42 Kaleb, bror til Jerakme’el, fekk fyrst sonen Mesja, far til Sif, og sidan sonen Maresja, far til Hebron.
43 Sønene til Hebron var Korah, Tappuah, Rekem og Sjema.
44 Sjema fekk sonen Raham, som vart far til Jorkeam, og Rekem fekk sonen Sjammai.
45 Son til Sjammai var Maon, og Maon vart far til Bet-Sur.
46 Efa, fylgjekona til Kaleb, fekk sønene Haran, Mosa og Gases, og Haran fekk sonen Gases.
47 Sønene til Jodai var Regem, Jotam, Gesjan, Pelet, Efa og Sja’af.
48 Ma’aka, fylgjekona til Kaleb, fekk sønene Sjeber og Tirhana.