5 Sønene til Peres var Hesron og Hamul.
6 Og sønene til Serah var Simri, Etan, Heman, Kalkol og Darda; dei var i alt fem.
7 Karmi hadde sonen Akar. Det var han som førte Israel i ulukke då han fór med svik og tok av det som var bannlyst.
8 Etan hadde sonen Asarja.
9 Dei sønene som Hesron fekk, var Jerakme’el, Ram og Kelubai.
10 Ram fekk sonen Amminadab, og Amminadab fekk sonen Naksjon, som var hovding for Juda-sønene.
11 Naksjon fekk sonen Salma, og Salma vart far til Boas.