5 Endå ein gong kom det til strid med filistarane, og Elkanan, son til Ja’ir, felte Lakmi, bror til Goliat frå Gat, som hadde eit spydskaft så tjukt som ein vevbom.
6 Sidan kom det til slag ved Gat. Der var det ein kjempekar som hadde seks fingrar på kvar hand og seks tær på kvar fot, tjuefire fingrar og tær i alt. Han òg var ætta frå Rafa.
7 Mannen spotta Israel. Men Jonatan, son til Sjima, som var bror til David, hogg han ned.
8 Alle desse var ætta frå Rafa i Gat. Men David og mennene hans felte dei.