1 Satan stod fram mot Israel og eggja David til å halda folketeljing i landet.
2 Då sa David til Joab og dei andre hærførarane: «Gå av stad og tel israelittane frå Be’er-Sjeba til Dan, og lat meg få melding, så eg kan vita kor mange dei er.»
3 Joab svara; «Gjev Herren må gjera folket hundre gonger så talrikt som det no er! Er dei ikkje alle dine tenarar, herre konge? Kvifor krev du då dette, herre? Kvifor skal dette føra skuld over Israel?»
4 Men kongen stod fast på det han hadde sagt, og gav ikkje etter for Joab.Så tok Joab ut og fór ikring i heile Israel. Og då han kom heim att til Jerusalem,
5 la han fram for kongen det talet folketeljinga hadde gjeve. I heile Israel var det elleve hundre tusen våpenføre menn og i Juda fire hundre og sytti tusen.