17 Og David sa til Gud: «Å, eg som ville at folket skulle teljast! Det er eg som har synda og bore meg ille åt. Men desse som eg er hyrding for, kva vondt har dei gjort? Herre, min Gud, lat handa di råma meg og ætta mi, men spar folket ditt for pesten!»
18 Då sa Herrens engel til Gad at han skulle be David gå opp til treskjevollen åt jebusitten Ornan og reisa eit altar for Herren der.
19 Så gjekk David dit, som Gad hadde sagt i Herrens namn.
20 Ornan heldt nett på og treskte kveite. Då han snudde seg, fekk han sjå engelen, og dei fire sønene som var med han, gøymde seg.
21 Som no David kom fram, såg Ornan opp og vart var kongen. Då gjekk han bort frå treskjevollen og kasta seg ned for David med andletet mot jorda.
22 Og David sa til han: «Lat meg få treskjevollen din, så eg kan byggja eit altar for Herren der. Lat meg få han for full pris, så folket kan friast for pesten.»
23 Då sa Ornan til David: «Ta du vollen, herre konge, og gjer det du tykkjer er best. Sjå, her gjev eg deg oksane til brennoffer, treskjesledane til ved og kveiten til grødeoffer. Alt dette skal vera ei gåve frå meg.»