25 Så vog David opp seks hundre sekel gull og gav Ornan for treskjevollen.
26 Han bygde eit altar for Herren der, og bar fram brennoffer og måltidsoffer og ropa til Herren. Og Herren svara han med eld som kom frå himmelen og fór ned på brennofferaltaret.
27 Så sa Herren til engelen at han skulle stikka sverdet sitt i slira att.
28 Då David såg at Herren hadde høyrt bøna hans på treskjevollen åt jebusitten Ornan, ofra han der.
29 Herrens møtetelt, som Moses hadde fått laga i øydemarka, og brennofferaltaret stod den gongen på haugen i Gibeon.
30 Men David torde ikkje gå dit og søkja Gud, så redd var han for sverdet åt Herrens engel.