4 Men kongen stod fast på det han hadde sagt, og gav ikkje etter for Joab.Så tok Joab ut og fór ikring i heile Israel. Og då han kom heim att til Jerusalem,
5 la han fram for kongen det talet folketeljinga hadde gjeve. I heile Israel var det elleve hundre tusen våpenføre menn og i Juda fire hundre og sytti tusen.
6 Men Levi og Benjamin hadde han ikkje talt saman med dei andre. For Joab hadde mykje imot det påbodet kongen hadde gjeve.
7 Det som hadde hendt, var vondt i Guds augo, og han ville straffa Israel.
8 Då sa David til Gud: «Eg synda storleg då eg gjorde dette. Men tilgjev no, Herre, misgjerninga mi! For eg har bore meg fælt uvitug åt.»
9 Men Herren tala til Gad, sjåaren åt David, og sa:
10 «Gå til David og sei: Så seier Herren: Tre ting legg eg fram for deg. Vel ein av dei, så skal eg gjera det du vil.»