7 Det som hadde hendt, var vondt i Guds augo, og han ville straffa Israel.
8 Då sa David til Gud: «Eg synda storleg då eg gjorde dette. Men tilgjev no, Herre, misgjerninga mi! For eg har bore meg fælt uvitug åt.»
9 Men Herren tala til Gad, sjåaren åt David, og sa:
10 «Gå til David og sei: Så seier Herren: Tre ting legg eg fram for deg. Vel ein av dei, så skal eg gjera det du vil.»
11 Så gjekk Gad til David og sa til han: «Så seier Herren: No kan du velja,
12 anten naud og svolt i tre år, eller at du må røma for fiendane dine i tre månader utan at du kjem deg unna sverdet deira, eller at pesten, Herrens sverd, fer over landet i tre dagar, og Herrens engel herjar i heile Israels-riket. Tenk no etter kva eg skal svara han som har sendt meg.»
13 David sa til Gad: «Eg er i stor naud. Lat meg då helst falla i Herrens hand! For hans miskunn er stor. Men i menneskehand vil eg ikkje falla.»