1 Då sa David: «Her skal det stå, huset åt Herren Gud, og her skal Israel ha sitt brennofferaltar.»
2 Så baud David at alle innflyttarane som budde i Israel, skulle kallast saman, og han sette dei til å hogga til den steinen som Guds hus skulle byggjast av.
3 Han drog òg i hop ei mengd med jern til naglar i portdørene og til bindhakar, så mykje bronse at han ikkje kunne vegast,
4 og tallause sederbjelkar. Og mennene i Sidon og Tyrus førte ei mengd med sedertre til David.
5 For han tenkte med seg: «Salomo, son min, er ung og veik. Men huset som skal byggjast for Herren, må gjerast så stort og staseleg at det vert kjent og lovprist i alle land. Difor vil eg førebu bygget.» Så samla David ei mengd med vyrke før han døydde.