3 Han drog òg i hop ei mengd med jern til naglar i portdørene og til bindhakar, så mykje bronse at han ikkje kunne vegast,
4 og tallause sederbjelkar. Og mennene i Sidon og Tyrus førte ei mengd med sedertre til David.
5 For han tenkte med seg: «Salomo, son min, er ung og veik. Men huset som skal byggjast for Herren, må gjerast så stort og staseleg at det vert kjent og lovprist i alle land. Difor vil eg førebu bygget.» Så samla David ei mengd med vyrke før han døydde.
6 Ein dag kalla han til seg Salomo, son sin, og bad han byggja eit hus åt Herren, Israels Gud.
7 David sa til han: Son min, eg hadde sjølv tenkt å byggja eit hus for namnet åt Herren min Gud.
8 Men Herrens ord kom til meg, og det lydde så: «Mykje blod har du rent ut, og store krigar har du ført. Du skal ikkje byggja noko hus åt meg; for eg har sett kor mykje blod du har rent ut.
9 Men du skal få ein son som skal vera ein fredsæl mann, og han vil eg gje ro for alle fiendar rundt ikring. Salomo skal han heita, og i hans dagar vil eg la Israel få fred og ro.