7 David sa til han: Son min, eg hadde sjølv tenkt å byggja eit hus for namnet åt Herren min Gud.
8 Men Herrens ord kom til meg, og det lydde så: «Mykje blod har du rent ut, og store krigar har du ført. Du skal ikkje byggja noko hus åt meg; for eg har sett kor mykje blod du har rent ut.
9 Men du skal få ein son som skal vera ein fredsæl mann, og han vil eg gje ro for alle fiendar rundt ikring. Salomo skal han heita, og i hans dagar vil eg la Israel få fred og ro.
10 Han skal byggja eit hus for namnet mitt. Han skal vera son min, og eg skal vera far hans, og eg vil tryggja kongsstolen hans i Israel til evig tid.»
11 Så vere då Herren med deg, son min! Gjev du må ha lukka med deg og få byggja huset åt Herren din Gud, så som han har sagt om deg.
12 Berre no Herren vil gje deg vit og skjøn når han set deg over Israel, og berre du vil halda lova åt Herren din Gud!
13 Då kjem du til å ha lukka med deg, når du legg vinn på å leva etter dei føresegner og bod som Herren gav Israel gjennom Moses. Ver djerv og sterk! Ver ikkje redd, og miss ikkje motet!