1 Då David var gamal og mett av dagar, sette han Salomo, son sin, til konge over Israel.
2 Så kalla han saman alle hovdingane i Israel og prestane og levittane.
3 Det vart halde manntal over levittane, så mange som var tretti år eller meir, og talet på menn var trettiåtte tusen.
4 Kongen sa: «Av desse skal tjuefire tusen stå for arbeidet på Herrens hus, og seks tusen skal vera tilsynsmenn og domarar.
5 Fire tusen skal vakta dørene, og fire tusen skal lovsyngja Herren til tonar frå dei instrument som eg har fått laga til bruk ved lovsongen.»
6 David delte dei inn i skift etter Levi-sønene Gersjon, Kehat og Merari.