11 Jahat var hovding, så kom Sisa. Je’usj og Beria hadde ikkje mange søner; difor vart dei rekna for ei ættgrein, eitt yrkeslag.
12 Sønene til Kehat var Amram, Jishar, Hebron og Ussiel, fire i talet.
13 Sønene til Amram var Aron og Moses. Aron vart utskild, så han og sønene hans til alle tider skulle vigsla dei høgheilage tinga, bera fram offer for Herren og lysa velsigning i hans namn til evig tid.
14 Men sønene til Moses, gudsmannen, skulle reknast til Levi-ætta.
15 Sønene hans var Gersjom og Elieser.
16 Gersjom hadde sonen Sjubael, som var hovding.
17 Son til Elieser, Rehabja, var òg hovding. Elieser hadde ikkje fleire søner, men sønene til Rehabja var svært mange.