15 Sønene hans var Gersjom og Elieser.
16 Gersjom hadde sonen Sjubael, som var hovding.
17 Son til Elieser, Rehabja, var òg hovding. Elieser hadde ikkje fleire søner, men sønene til Rehabja var svært mange.
18 Jishar hadde sonen Sjelomit, som var hovding.
19 Av Hebron-sønene var Jeria hovding; den andre var Amarja, den tredje Jahasiel og den fjerde Jekamam.
20 Av Ussiel-sønene var Mika hovding, og så kom Jisjia.
21 Merari-sønene var Makli og Musji. Sønene til Makli var Elasar og Kisj.