18 Jishar hadde sonen Sjelomit, som var hovding.
19 Av Hebron-sønene var Jeria hovding; den andre var Amarja, den tredje Jahasiel og den fjerde Jekamam.
20 Av Ussiel-sønene var Mika hovding, og så kom Jisjia.
21 Merari-sønene var Makli og Musji. Sønene til Makli var Elasar og Kisj.
22 Då Elasar døydde, var det ingen søner etter han, berre døtrer; dei gifte seg med frendane sine, sønene til Kisj.
23 Sønene til Musji var Makli, Eder og Jeremot, tre i talet.
24 Dette var Levi-sønene, kvar ættgrein for seg, alle ættehovdingane som vart talde og nemnde med namn, ein for ein. Dei var det som stelte med tenesta i Herrens hus, og det gjorde dei frå tjueårsalderen og oppover.