5 Fire tusen skal vakta dørene, og fire tusen skal lovsyngja Herren til tonar frå dei instrument som eg har fått laga til bruk ved lovsongen.»
6 David delte dei inn i skift etter Levi-sønene Gersjon, Kehat og Merari.
7 Til Gersjon-sønene høyrde Ladan og Sjimi.
8 Sønene til Ladan var Jehiel, som var hovding, og Setam og Joel, tre i talet.
9 Sønene til Sjimi var Sjelomot, Hasiel og Haran, tre i talet. Det var hovdingane i Ladan-ættene.
10 Sønene til Sjimi var Jahat, Sisa, Je’usj og Beria. Det var Sjimi-sønene, fire i talet.
11 Jahat var hovding, så kom Sisa. Je’usj og Beria hadde ikkje mange søner; difor vart dei rekna for ei ættgrein, eitt yrkeslag.