1 Arons-sønene òg vart inndelte i skift. Sønene til Aron var Nadab og Abihu, Elasar og Itamar.
2 Men Nadab og Abihu døydde før far sin og hadde ingen søner. Det var såleis berre Elasar og Itamar som vart prestar.
3 Saman med Sadok av Elasar-sønene og Akimelek av Itamar-sønene delte David dei inn i flokkar etter den tenesta dei skulle ha.
4 Men då det synte seg at Elasar-sønene hadde fleire hovdingar enn Itamar-sønene, laga dei det så at Elasar-sønene fekk seksten hovdingar for sine ættgreiner og Itamar-sønene åtte for sine ættgreiner.