1 Arons-sønene òg vart inndelte i skift. Sønene til Aron var Nadab og Abihu, Elasar og Itamar.
2 Men Nadab og Abihu døydde før far sin og hadde ingen søner. Det var såleis berre Elasar og Itamar som vart prestar.
3 Saman med Sadok av Elasar-sønene og Akimelek av Itamar-sønene delte David dei inn i flokkar etter den tenesta dei skulle ha.
4 Men då det synte seg at Elasar-sønene hadde fleire hovdingar enn Itamar-sønene, laga dei det så at Elasar-sønene fekk seksten hovdingar for sine ættgreiner og Itamar-sønene åtte for sine ættgreiner.
5 Det var med loddkasting dei delte dei, begge ættene. For det fanst leiarar for det heilage, for det som har med Gud å gjera, både mellom Elasar-sønene og Itamar-sønene.
6 Skrivaren Sjemaja, son til Netanel av Levi-ætta, skreiv dei opp, medan kongen og stormennene, presten Sadok og Akimelek, son til Ebjatar, og ættehovdingane åt prestane og levittane såg på. Kvar gong dei tok ut ei ættgrein for Itamar, tok dei ut to for Elasar.
7 Det fyrste loddet fall på Jojarib, det andre på Jedaja,