19 Dette var dei skifta dei skulle vera inndelte i når dei kom og gjorde teneste i Herrens hus, så som Aron, ættefar deira, hadde sagt dei føre etter det påbodet han hadde fått frå Herren, Israels Gud.
20 Dei andre Levi-sønene var: av Amram-sønene Sjubael, av Sjubael-sønene Jekdeja;
21 av Rehabja-sønene Jisjia, som var hovding;
22 av Jishar-sønene Sjelomot, av Sjelomot-sønene Jahat;
23 av Hebron-sønene Jeria – den andre var Amarja, den tredje Jahasiel og den fjerde Jekamam;
24 av Ussiel-sønene Mika; av Mika-sønene Sjamir
25 – bror til Mika var Jisjia; av Jisjia-sønene Sakarja;