25 – bror til Mika var Jisjia; av Jisjia-sønene Sakarja;
26 av Merari-sønene Makli og Musji – mellom sønene hans var Ja’asia òg,
27 og etterkomarar etter Merari gjennom Ja’asia, son hans, var Sjoham, Sakkur og Ibri;
28 av Makli-sønene Elasar, som ikkje hadde søner sjølv;
29 av Kisj-sønene Jerakme’el;
30 av Musji-sønene Makli, Eder og Jerimot. Dette var Levi-sønene, ættgrein for ættgrein.
31 Dei òg kasta lodd, liksom Arons-sønene, brørne deira, medan kong David, Sadok og Akimelek og ættehovdingane åt prestane og levittane stod og såg på, dei fremste ættgreinene så vel som dei ringaste.