1 Så skilde David og leiarane for gudstenesta ut sønene til Asaf, Heman og Jedutun, som i profetisk glød skulle spela på lyre, harpe og cymbel. Dette er lista over dei mennene som stod for denne tenesta:
2 av Asaf-sønene: Sakkur, Josef, Netanja og Asarela – Asaf styrte sjølv songen, og spela i profetisk glød så som kongen hadde sagt føre;
3 av Jedutun, det vil seia sønene til Jedutun: Gedalja, Seri, Jesaja, Hasjabja og Mattitja, seks i talet – dei stod under Jedutun, far sin, som i profetisk glød spela på lyre til Herrens lov og pris;
4 av Heman, det vil seia sønene til Heman: Bukkia, Mattanja, Ussiel, Sjubael, Jerimot, Hananja, Hanani, Eliata, Giddalti, Romamti-Eser, Josjbekasja, Malloti, Hotir og Mahasiot.
5 Dei var alle sønene til Heman, sjåaren åt kongen. Han hadde Gud lova stor kraft. Difor gav han Heman fjorten søner og tre døtrer.