1 Dette er talet på ættehovdingane åt israelittane, tusenmannsførarane og hundremannsførarane og tilsynsmennene som tente kongen i alt det som hadde med hærflokken å gjera. Heile året arbeidde desse flokkane på skift, ein månad om gongen, og kvar av dei var på tjuefire tusen mann.
2 Over den fyrste hærflokken, som gjorde teneste i den fyrste månaden, stod Jasjobam, son til Sabdiel. Flokken hans var på tjuefire tusen mann.
3 Han var ætta frå Peres og var den øvste av alle dei hærførarane som gjorde teneste i den fyrste månaden.
4 Over den hærflokken som gjorde teneste i den andre månaden, stod Dodai frå Akoak. Miklot var ein av førarane i flokken hans, som var på tjuefire tusen mann.
5 Den tredje hærføraren, han som gjorde teneste i den tredje månaden, var Benaja, son til presten Jojada. Han var den øvste i hærflokken og hadde tjuefire tusen mann under seg.