12 Den niande, han som gjorde teneste i den niande månaden, var Abieser frå Anatot, av Benjamins-ætta. Hærflokken hans var på tjuefire tusen mann.
13 Den tiande, han som gjorde teneste i den tiande månaden, var Mahrai frå Netofa, av Serah-ætta. Hærflokken hans var på tjuefire tusen mann.
14 Den ellevte, han som gjorde teneste i den ellevte månaden, var Benaja frå Piraton, av Efraims-ætta. Hærflokken hans var på tjuefire tusen mann.
15 Den tolvte, han som gjorde teneste i den tolvte månaden, var Heldai frå Netofa, av Otniels-ætta. Hærflokken hans var på tjuefire tusen mann.
16 Hovdingane for Israels-ættene var: for Rubens-sønene Elieser, son til Sikri; for Simeons-sønene Sjefatja, son til Ma’aka;
17 for Levi Hasjabja, son til Kemuel; for Aron Sadok;
18 for Juda Elihu, ein av brørne til David; for Jissakar Omri, son til Mikael;