15 Den tolvte, han som gjorde teneste i den tolvte månaden, var Heldai frå Netofa, av Otniels-ætta. Hærflokken hans var på tjuefire tusen mann.
16 Hovdingane for Israels-ættene var: for Rubens-sønene Elieser, son til Sikri; for Simeons-sønene Sjefatja, son til Ma’aka;
17 for Levi Hasjabja, son til Kemuel; for Aron Sadok;
18 for Juda Elihu, ein av brørne til David; for Jissakar Omri, son til Mikael;
19 for Sebulon Jisjmaja, son til Obadja; for Naftali Jerimot, son til Asriel;
20 for Efraims-sønene Hosea, son til Asasja; for den eine halvparten av Manasse-ætta Joel, son til Pedaja;
21 for den andre halvparten av Manasse-ætta, den i Gilead, Jiddo, son til Sakarja; for Benjamin Ja’asiel, son til Abner;