2 Over den fyrste hærflokken, som gjorde teneste i den fyrste månaden, stod Jasjobam, son til Sabdiel. Flokken hans var på tjuefire tusen mann.
3 Han var ætta frå Peres og var den øvste av alle dei hærførarane som gjorde teneste i den fyrste månaden.
4 Over den hærflokken som gjorde teneste i den andre månaden, stod Dodai frå Akoak. Miklot var ein av førarane i flokken hans, som var på tjuefire tusen mann.
5 Den tredje hærføraren, han som gjorde teneste i den tredje månaden, var Benaja, son til presten Jojada. Han var den øvste i hærflokken og hadde tjuefire tusen mann under seg.
6 Denne Benaja var ei kjempe mellom dei tretti hovdingane og stod over dei. Ammisabad, son hans, var òg med i flokken hans.
7 Den fjerde hærføraren, han som gjorde teneste i den fjerde månaden, var Asael, bror til Joab, og etter han Sebadja, son hans. Hærflokken hans var på tjuefire tusen mann.
8 Den femte, han som gjorde teneste i den femte månaden, var Sjamhut, ein hærførar av Serah-ætta. Hærflokken hans var på tjuefire tusen mann.