20 for Efraims-sønene Hosea, son til Asasja; for den eine halvparten av Manasse-ætta Joel, son til Pedaja;
21 for den andre halvparten av Manasse-ætta, den i Gilead, Jiddo, son til Sakarja; for Benjamin Ja’asiel, son til Abner;
22 for Dan Asarel, son til Jeroham. Dette var hovdingane for Israels-ættene.
23 David tok ikkje tal på dei som var under tjue år. For Herren hadde sagt at han ville gjera israelittane talrike som stjernene på himmelen.
24 Joab, son til Seruja, tok til å telja, men fullførte ikkje. Difor kom Guds vreide over Israel, og talet vart ikkje oppskrive i årbøkene åt kong David.
25 Asmavet, son til Adiel, hadde tilsyn med skattane åt kongen, og Jonatan, son til Ussia, med lagera ute på landet, i byar, landsbyar og festningstårn.
26 Esri, son til Kelub, hadde tilsyn med dei som arbeidde på marka og dyrka jorda.