24 Joab, son til Seruja, tok til å telja, men fullførte ikkje. Difor kom Guds vreide over Israel, og talet vart ikkje oppskrive i årbøkene åt kong David.
25 Asmavet, son til Adiel, hadde tilsyn med skattane åt kongen, og Jonatan, son til Ussia, med lagera ute på landet, i byar, landsbyar og festningstårn.
26 Esri, son til Kelub, hadde tilsyn med dei som arbeidde på marka og dyrka jorda.
27 Sjimi frå Rama såg til med vingardane og Sabdi frå Sjefam med vinlagera i vingardane.
28 Ba’al-Hanan frå Geder hadde tilsyn med oliventrea og morbærtrea i Sjefela og Joasj med oljelagera.
29 Sjitrai frå Saron såg til med storfeet som gjekk på beite i Saron, og Sjafat, son til Adlai, med storfeet i dalane,
30 Obil frå Ismael med kamelane, Jekdeja frå Meronot med esla