28 Ba’al-Hanan frå Geder hadde tilsyn med oliventrea og morbærtrea i Sjefela og Joasj med oljelagera.
29 Sjitrai frå Saron såg til med storfeet som gjekk på beite i Saron, og Sjafat, son til Adlai, med storfeet i dalane,
30 Obil frå Ismael med kamelane, Jekdeja frå Meronot med esla
31 og Jasis, hagritten, med småfeet. Alle desse var tilsynsmenn over eigedomen åt kong David.
32 Jonatan, farbror til David, var rådgjevar. Han var ein klok og skriftlærd mann. Jehiel, son til Hakmoni, fylgde alltid kongssønene.
33 Akitofel var rådgjevaren åt kongen, og Husjai av Arak-ætta var venen hans.
34 Etter Akitofel kom Jojada, son til Benaja, og Ebjatar. Joab var hærføraren åt kongen.