5 Den tredje hærføraren, han som gjorde teneste i den tredje månaden, var Benaja, son til presten Jojada. Han var den øvste i hærflokken og hadde tjuefire tusen mann under seg.
6 Denne Benaja var ei kjempe mellom dei tretti hovdingane og stod over dei. Ammisabad, son hans, var òg med i flokken hans.
7 Den fjerde hærføraren, han som gjorde teneste i den fjerde månaden, var Asael, bror til Joab, og etter han Sebadja, son hans. Hærflokken hans var på tjuefire tusen mann.
8 Den femte, han som gjorde teneste i den femte månaden, var Sjamhut, ein hærførar av Serah-ætta. Hærflokken hans var på tjuefire tusen mann.
9 Den sjette, han som gjorde teneste i den sjette månaden, var Ira, son til Ikkesj, frå Tekoa. Hærflokken hans var på tjuefire tusen mann.
10 Den sjuande, han som gjorde teneste i den sjuande månaden, var Heles frå Pelet, av Efraims-ætta. Hærflokken hans var på tjuefire tusen mann.
11 Den åttande, han som gjorde teneste i den åttande månaden, var Sibbekai, ein av Serah-sønene av Husja-ætta. Hærflokken hans var på tjuefire tusen mann.