11 Så gav David Salomo, son sin, ei teikning av forhalla og tempelbygningane, av skattkammera, loftsroma, dei indre kammera og romet for soningsstaden,
12 og ei teikning av alt det han elles hadde i tankar: føregardane til Herrens hus og alle sideroma rundt ikring. Der skulle tempelskattane og dei heilage gåvene liggja,
13 og der skulle preste- og levittskifta halda til. I desse roma skulle dei gjera alt arbeid som trongst for tenesta i Herrens hus, og setja inn alle kara som vart nytta i gudstenesta.
14 David gav opp vekta på gullet til dei gullkara som skulle nyttast i kvar einskild gudsteneste, og like eins vekta på sølvet til alle sølvkara.
15 Han gav òg opp vekta på gull-ljosestakane og gull-lampene som høyrde til, vekta på kvar einskild stake med tilhøyrande lamper, og på sølvljosestakane med lampene som høyrde til, i samsvar med det kvar stake skulle brukast til i gudstenesta,
16 like eins vekta på gullet til skodebrødsborda, kvart bord for seg, og på sølvet til sølvborda,
17 vekta på gaflane, offerskålene og kannene av reint gull, på gullstaupa og sølvstaupa, kvart staup for seg,