2 Og kong David reiste seg frå høgsetet sitt og sa:Høyr på meg, brørne mine og folket mitt! Eg hadde tenkt å byggja eit hus til kvilestad for Herrens paktkiste, for fotskammelen åt vår Gud. Og eg tok til å førebu bygginga.
3 Men Gud sa til meg: «Du skal ikkje byggja eit hus for namnet mitt; for du er ein krigar som har rent ut blod.»
4 Herren, Israels Gud, har av heile farshuset mitt valt meg til å vera konge over Israel for alltid. For det var Juda han hadde kåra til å vera den leiande ætta, og innanfor Juda farshuset mitt. Og mellom sønene åt far min heldt han meg gjævast og gjorde meg til konge over heile Israel.
5 Og av alle sønene mine – for Herren har gjeve meg mange søner – har han valt ut Salomo til å sitja på Herrens kongsstol og råda over Israel.
6 Han sa til meg: «Det er Salomo, son din, som skal byggja huset mitt og føregardane mine. For han har eg valt ut til å vera son min, og eg skal vera far for han.
7 Eg vil grunnfesta kongedømet hans til evig tid, så sant han trufast held seg etter boda og lovene mine, som han gjer det i dag.»
8 No står eg her som heile Israel, Herrens lyd, ser meg, og vår Gud høyrer meg, og eg seier: Hald alle boda som Herren dykkar Gud har gjeve dykk, og granska dei vel! Då skal de få eiga dette gode landet og la det gå i arv til etterkomarane dykkar i all framtid.