7 Eg vil grunnfesta kongedømet hans til evig tid, så sant han trufast held seg etter boda og lovene mine, som han gjer det i dag.»
8 No står eg her som heile Israel, Herrens lyd, ser meg, og vår Gud høyrer meg, og eg seier: Hald alle boda som Herren dykkar Gud har gjeve dykk, og granska dei vel! Då skal de få eiga dette gode landet og la det gå i arv til etterkomarane dykkar i all framtid.
9 Og du, Salomo, son min, sjå til at du lærer å kjenna Gud åt far din, og ten han av eit heilt hjarta og ein viljug hug! For Herren ransakar kvart hjarta og kjenner kvar tanke som stig opp i det. Dersom du søkjer Herren, lagar han det så at du finn han. Men vender du deg frå han, støyter han deg bort for alltid.
10 Ta deg i vare! For Herren har valt deg ut til å byggja hans hus og heilagdom. Ver modig og gå til verket!
11 Så gav David Salomo, son sin, ei teikning av forhalla og tempelbygningane, av skattkammera, loftsroma, dei indre kammera og romet for soningsstaden,
12 og ei teikning av alt det han elles hadde i tankar: føregardane til Herrens hus og alle sideroma rundt ikring. Der skulle tempelskattane og dei heilage gåvene liggja,
13 og der skulle preste- og levittskifta halda til. I desse roma skulle dei gjera alt arbeid som trongst for tenesta i Herrens hus, og setja inn alle kara som vart nytta i gudstenesta.