1 Sidan sa kong David til alle som hadde samla seg der: «Salomo, son min, den einaste som Gud har valt ut, er ung og veik, og arbeidet er stort. For dette staselege byggverket skal ikkje vera for menneske, men for Herren Gud.
2 Så har eg etter beste evne drege i hop vyrke til huset åt min Gud: gull til det som skal vera av gull, sølv til det som skal vera av sølv, bronse til det som skal vera av bronse, jern til det som skal vera av jern, og tre til det som skal vera av tre. Og eg har samla karneol og steinar til innfelling, turkis og mosaikksteinar, allslags dyre steinar, og marmorheller i mengd.
3 Og av di Guds hus er meg så kjært, vil eg gje det eg sjølv eig av gull og sølv, til bygningen, forutan alt det eg har samla til det heilage huset,
4 tre tusen talentar gull, gull frå Ofir, og sju tusen talentar reinsa sølv til å kle veggene i templet med.