13 Så takkar vi deg no, vår Gud, og prisar ditt herlege namn.
14 For kven er vel eg, og kva er folket mitt, at vi skulle makta å gje så rause gåver? Nei, alt kjem frå deg; og det vi gjev deg, har vi fått frå deg.
15 Framfor ditt åsyn er vi framande og gjester, liksom alle fedrane våre. Som ein skugge er dagane våre på jorda og utan von.
16 Herre, vår Gud! All denne rikdomen som vi har samla, så vi kunne byggja eit hus for ditt heilage namn, den kjem frå deg, og alt er ditt.
17 Eg veit, min Gud, at du ransakar hjarto og har hugnad i ein ærleg hug. Av ærleg hjarta og fri vilje har eg gjeve deg alt dette. Og med glede har eg no sett korleis folket ditt, som her er til stades, viljug kjem til deg med gåvene sine.
18 Herre, du Gud åt Abraham, Isak og Israel, fedrane våre! Lat det alltid røra seg slike tankar i folket ditt, og vend hjarta deira til deg!
19 Gjev Salomo, son min, eit heilt hjarta, så han held seg etter boda og lovene og føresegnene dine, fullfører verket og reiser det staselege byggverket som eg har samla tilfang til.»