22 Den dagen åt og drakk dei for Herrens åsyn med stor glede. For andre gong gjorde dei Salomo, son til David, til konge; dei salva han til fyrste for Herren, og Sadok salva dei til prest.
23 Så vart Salomo konge etter David, far sin, og sette seg på Herrens kongsstol. Han hadde lukka med seg, og heile Israel lydde han.
24 Alle hovdingane og kjempene og like eins alle sønene til kong David hylla kong Salomo.
25 Heile Israel såg korleis Herren gjorde Salomo stor og mektig og gav han ein kongeleg herlegdom som ingen konge i Israel før han hadde hatt.
26 David, son til Isai, hadde vore konge over heile Israel.
27 Han rådde over Israel i førti år. Sju år styrte han i Hebron og trettitre år i Jerusalem.
28 Han døydde i høg alder og hadde nått sitt mål både i alder, rikdom og ære. Og Salomo, son hans, vart konge etter han.